Hopp til innhold
Marte Strømme ved GEO på UiB peker på jordskjelv-utslag
Foto: Markus Vangen / NRK

Jordskjelv i Norge

  • Jordskjelv registrert

    Klokka 06.32 blei det registert eit jordskjelv i Nordsjøen, mellom Stadt og Færøyane. NRK har fått melding om at det også er registrert fleire stader i Møre og Romsdal. I hovudsak er det registrert på Sunnmøre, men og så langt nord som Averøy. Så kraftige skjelv på vestlandet skjer med kanskje ti til 20 års mellomrom i dette området, seier Lars Ottermøller ved Norsk nasjonalt seismologisk nettverk.

  • Jordskjelv registrert i Halden

    To jordskjelv ble i natt registrert i Halden-området.

    Det melder Norsar, som har observert signaler fra to jordskjelv på sine stasjoner i Sør-Norge. Det første skjelvet skjedde 04.45 og det andre fem minutter senere. Det første jordskjelvet hadde en styrke på 2,9, ifølge Norsar.

    Jordskjelvene skal ha vært så kraftige at mange våknet av drønnene i natt. Politiet fikk også inn en rekke henvendelser fra folk som var bekymret.

  • To svake jordskjelv registrert i Sunnhordland

    To gonger fredag kveld opplevde Christian Engebretsen på Stord eit slags drønn i huset sitt. Og det viste seg å vera to svake jordskjelv, skriv Bladet Sunnhordland. Ifølgje jordskjelvstasjonen i Bergen var det to jordskjelv, eitt rett før midnatt og eitt rett etter. Dei hadde ein styrke på høvesvis 1,5 og 1,6 på skalaen.

  • Jordskjelv i Stryn

    Det har vore eit jordskjelv i Stryn-området. Ein person i Olden i Stryn melde nyleg frå til NRK om det dei trudde var eit jordskjelv. Den seismologiske forskingsstiftinga NORSAR stadfestar til NRK at det har vore eit jordskjelv i dette området. Jordskjelvet hadde ein styrke på 2,9.

    – Det er ikkje heilt uvanleg at dette hender, seier seismolog Annie Jerkins.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no