Hopp til innhold

Joost Klein-etterforsking lagt bort

Etterforskinga av Eurovision-artisten Joost Klein (26) er lagt bort, skriv den svenske påtalemakta i ei pressemelding.

Joost Klein blei etterforska for ein episode backstage i samanheng med den andre semifinalen i Eurovision i Malmö. Klein var mistenkt for å ha kome med trugslar mot ei kvinne, og i etterforskinga kom det fram at han var borti kameraet til kvinna.

– Eg har i dag lagt bort utgreiinga for eg kan ikkje bevisa at gjerninga var gjort for å skapa alvorleg frykt eller at mannen hadde eit slikt ønske, seier advokat Fredrik Jönsson.

Joost Klein
Foto: Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no