Hopp til innhold

Johansen kritisk til smittefokus

Byrådsleiar Raymond Johansen er kritisk til det daglege fokuset på smittetal. Han meiner det er med på å skape frykt.

– Vi må også sjå på talet fullvaksinerte. I Oslo er det 90 prosent. Over 65 prosent av dei som er over 65 har fått tredje dose.

Og sjølv om det er ein liten auke i innlagde med korona ved sjukehusa, er dei der langt kortare tid enn tidlegare, seier Johansen.

– Heile dette bildet er viktig å teikne, også for å kunne roe situasjonen til vi får meir kunnskap om dette viruset, seier han til NRK.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no