Jobbar med evaluering

Eit stort evalueringsarbeid er på gang etter redningsaksjonen på Hustadvika i mars. Cruiseskipet Viking Sky med over 1300 om bord fekk motorhavari i full storm, og den vellykka redningsaksjonen blir no grundig evaluert av alle involverte. I dag skal Hovudredningssentralen samle mange av aktørane til ein stor gjennomgang. – Dette er ein av dei største redningsaksjonane som har vore gjennomført i Noreg, spesielt med tanke på potensial og talet på involverte. Denne gongen gjekk det bra, men vi ønskjer likevel å evaluere hendinga for å dra nytte av erfaringane og finne læringspunkt som kan bidra til vidare utvikling av redningstenesta, seier Ståle Jamtli, operativ Redningsinspektør ved Hovedredningssentralen Sør-Noreg. I løpet av året er det også venta ein overordna evalueringsrapport frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Viking Sky
Foto: Åse Grete Farstad

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no