Italiensk skulebuss fall over 100 meter ned ei fjellside
Tre personar er skadde etter at ein skulebuss køyrde av vegen og fall over 100 meter ned ei fjellside i Toscana tysdag. Ifølge brannvesenet var det sjåføren og to elevar som blei skadde i ulukka, som skjedde i provinsen Massa-Carrara. Dei skadde er frakta til sjukehus.