IS tar ansvar for eksplosjonar

Terroristgruppa IS tar ansvar for ei rekke eksplosjonar i den afghanske byen Jalalabad dei siste dagane. Det opplyser gruppas nyheitsbyrå, Amaaq, ifølge Reuters.

Ifølge IS skal 35 Taliban-medlemmer ha blitt drepne eller såra.

Søndag blei ein pickup med Taliban-soldatar råka av eit bombeangrep. Dagen før blei minst to personar drepne og 19 såra i tre eksplosjonar i byen. Taliban har ikkje kommentert saka.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no