Iransk fredsprisvinnar sett fri
Den iranske menneskerettsaktivisten er Narges Mohammadi er sett fri i tre veker av medisinske årsaker, melder AFP, som viser til utsegner frå ein advokat.
Ho fekk Nobels fredspris i 2023 for arbeidet sitt mot kvinneundertrykking og kampen for menneskerettar i Iran.
Ho har sete fengsla i Iran sidan 2021. Det var difor barna hennar, Ali og Kiana Rahmani, som tok i mot fredsprisen på vegner av mora i Oslo rådhus i fjor.
Familien hennar ber no om at Narges Mohammadi blir sett heilt fri.
– Ei utsetting av dommen til Narges Mohammadi i 21 dagar er ikkje nok. Vi krev at Narges Mohammadi blir sett fri straks og utan vilkår, eller i det minste at permisjonen hennar blir forlenga til tre månader, seier dei i ei fråsegn, ifølge AFP.