Ingen omikronsmitta etter Maarud-julebord
Sør-Odal kommune har fått svar på prøvane som har vore til sekvensering hjå Folkehelseinstituttet. Desse viser at det er deltavarianten – ikkje omikron- som er påvist i smitteutbrotet med utspring i eit julebord ved Maarud i Sør-Odal laurdag 27. november. Det skriv kommunen på si heimeside.