Hopp til innhold

Ikkje isolasjon for Tengs-sikta

Politiet ber ikkje om forlenga isolasjon for mannen som er sikta for drapet på Birgitte Tengs.

Det opplyser politiadvokat Fredrik Martin Soma i Sørvest politidistrikt.

– Politiet meiner det ikkje lenger er eit sterkt behov for isolasjon i saka, og vil ikkje krevje at isolasjonsperioden blir forlenga. Sikta er framleis underlagt brev- og besøksforbod, skriv han i ei pressemelding.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no