Hopp til innhold

Høgre utsett for cyberangrep

Seks dagar før stortingsvalet seier partiet Høgre at dei er utsette for eit cyberangrep frå ei prorussisk gruppe.

– Det har i dag blitt avdekka eit DDOS-angrep mot Høgre sine nettsider og tenester. Nasjonal sikkerheitsmyndigheit blei varsla og tok umiddelbart affære. Det er no bekrefta at angrepet kjem frå den prorussiske aktivistgruppa NoName057 (16), seier generalsekretær Tom Erlend Skaug til NRK.

Et DDOS-angrep (Distributed Denial of Service) er ein type dataangrep der angriparen forsøker å gjere ei nettside, teneste eller eit nettverk utilgjengeleg ved å overbelaste det med trafikk frå mange infiserte einingar.

– At nokon prøver å påverke ein norsk valkamp er dessverre ikkje heilt overraskande, men likevel alvorleg, legg Skaug til.

Erna Solberg i dress

Høgre utsett for cyberangrep

Seks dagar før valet har Høgre blitt ramma av eit cyberangrep. NSM har ikkje konkludert, men viser til at den antekne gruppa hevdar å står bak.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no