Hopp til innhold

Guvernør: Tretten drepne i russisk angrep i Ukraina

Tretten sivile er drepne i russiske artilleriangrep i Dnipropetrovsk i Ukraina, ifølge guvernør Valentyn Reznytsjenko.

Angrepa skal ha skjedd natt til onsdag.

Han melde om dødsfalla i ei Telegram-melding onsdag morgon, melder AFP. Han skreiv først at det var 21 drepne, men korrigerte dette elleve.

Seinare la han ut ei ny melding om at ytterlegare to personar var døde på grunn av skadane dei hadde fått.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no