Hopp til innhold

Greta Thunberg dømt til dagbøter etter klimaaksjon i Malmö i juni

Det skriv dei svenske avisene Expressen og Aftonbladet.

Greta Thunberg blei funnen skuldig i å ha nekta å følge politiets ordrar under ein aksjon i juni.

Thunberg møtte sjølv i retten, men nekta seg skyldig. Ho erkjente likevel at ho fekk ein ordre frå politiet om å flytte seg som ho ikkje høyrde på.

– Min framferd var forsvarleg, sa Thunberg i retten måndag og viste til at ho handla i nødverje på grunn av klimakrisen.

– Klimakrisen trugar liv, helse og eigedom, sa 20-åringen.

I midten av juni prøvde Thunberg og andre aktivistar å hindre tankbilar på veg til og frå ein oljeterminal ved hamna i Malmö. Gruppa Ta Tilbaka Framtiden stod bak aksjonen.

To andre personar som også deltok i aksjonen, har også blitt tiltalte. Dei vil bli stilte for retten neste månad.

Police remove Greta Thunberg as they move climate activists who are blocking the entrance to Oljehamnen in Malmo
Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no