Hopp til innhold

Gransking tyder på at eit palestinsk missil trefte al-Ahli-sjukehuset

Det har vore usemje rundt kven som stod bak eksplosjonen ved al-Ahli-sjukehuset i Gaza 19. oktober.

Hamas hevdar at det var eit israelsk angrep, medan Israel peikte mot den palestinske, militante gruppa Islamsk heilag krig.

Islamsk heilag krig meiner derimot at dei ikkje står bak.

Ein fersk rapport frå menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch (HRW) viser no til at det mest sannsynleg var eit palestinsk missil som trefte sjukehusområdet, og peiker på fleire grunnar:

For det første blei palestinske missil fyrt av 43 sekund før sjukehuset blei treft, ifølge videoanalysar.

Palestinske grupper brukar rakettar, medan Israel brukar artilleri og bombar i si krigføring. På ein video av eksplosjonen høyrer ein typiske rakettlydar.

I tillegg viser HRW til at krateret utanfor sjukehuset ikkje liknar på krater som har kome av israelske bombar.

Dei fleste skadde skal ha hatt store brannskadar som følge av at brennbare objekt i nærleiken blei trefte, som ikkje er vanleg i eit meir konsentrert bombeangrep.

HRW viser også til at palestinske rakettar ofte er upresise og har stor feilprosent.

Sjølv om HRW meiner at mykje peiker i retning av at det kan ha vore eit palestinsk missil, har dei ikkje endeleg konkludert.

Dei ønsker å ta prøver av rakett-restane, men Hamas seier at det ikkje finst noko att.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no