Gir 43 millionar til flaumområda
Regjeringa har sett av 43 millionar kroner til flaumkatastrofen i Bosnia-Hercegovina og Serbia. 33 millionar er sett av til gjenoppbygging, medan 10 millionar skal dekke umiddelbare behov. – Mine tankar går til alle dei som er råka av katastrofen, seier utanriksminister Børge Brende.