Hopp til innhold

Fylkesnes skeptisk til å bli ny SV-leiar

SVs Torgeir Knag Fylkesnes seier til NRK at han truleg ikkje stiller som kandidat til å bli ny leiar for partiet.

– Det er lite sannsynleg at eg stiller som kandidat for å bli leiar av SV. Eg er skeptisk.

Fylkesnes var ein av dei som har blitt nemnd som mogeleg arvtakar etter Audun Lysbakken, som tidlegare i november kunngjorde at han ikkje tek attval på landsmøtet i mars neste år.

Valkomiteen har gjeve lokal- og fylkeslag frist til 20. desember for å kome med innspel til kven dei ønsker som ny leiar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no