SV krev meir pengar til bøndene
Bøndene får 4,1 milliardar kroner i årets jordbruksoppgjer. Dette er ikkje nok, meiner nestleiar i SV, Torgeir Knag Fylkesnes.
– Held vi fram på denne måten vil det ta fleire tiår å tette inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper i samfunnet, seier han til NRK.
Han meiner forslaget frå regjeringa bryt med regjeringsplattforma, der regjeringa blei samde med SV om å styrke økonomien til bøndene og styrke sjølvforsyninga i Noreg.
– Vi står i ei kritisk tid no. Dersom vi ikkje løfter økonomien til bøndene, og tek jorda tilbake i bruk, ligg vi dårleg an som nasjon der matforsyninga i verda blir stadig meir svekka.
Fylkesnes seier partiet vil kome tilbake over helga med kor mykje meir pengar som må på bordet for at dei skal vere nøgde. Kravet frå bøndene var i utgangspunktet på 6,9 milliardar kroner. Dette karakteriserer Fylkesnes som eit moderat krav.