Fryktar kollaps for smittesporinga

Systemet for smittesporing i Skien kan kollapse dersom utbrotet i kommunen blir verre. Det kjem fram i ei risikovurdering frå kommuneoverlege i Skien, Anne Gunhild Waagsbø-Kjellsen.

Skien kommune har registrert 51 nye smittetilfelle siste døgn. Utbrot i enkelte miljø er no erstatta med meir generell smittespreiing i samfunnet.

Kommuneoverlegen melder at smittesporings- og testapparatet allereie er kraftig belasta etter handtering av smitte i skular, barnehagar, arbeidsplassar og sosiale møteplassar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no