Fryktar at smittesporinga i Skien skal kollapse: – Folk har opptil 30 nærkontaktar

Koronasmitten aukar kraftig i Skien. No er kommuneoverlegen bekymra for smittesporinga som er kraftig belasta.

Beredskapsbilen, Den mobile teststasjonen for korona har åpent for drop-in timer på brygga i Tønsberg

MOBIL TESTSTASJON: Tønsberg kommune har lånt ut ein mobil teststasjon til Skien på grunn av høgt smittetrykk. Dei siste dagane har 200 personar testa seg her.

Foto: H. Philip Hofgaard / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Systemet for smittesporing i Skien kan kollapse dersom utbrotet i kommunen blir verre. Det kjem fram i ei risikovurdering frå kommuneoverlege i Skien, Anne Gunhild Waagsbø-Kjellsen.

Skien kommune har registrert 51 nye smittetilfelle siste døgn.

Mange nærkontaktar

Utbrot i enkelte miljø er no erstatta med meir generell smittespreiing i samfunnet.

Kommuneoverlegen melder at smittesporings- og testapparatet allereie er kraftig belasta etter handtering av smitte i skular, barnehagar, arbeidsplassar og sosiale møteplassar.

I hovudsak er det unge og unge vaksne som spreier smitten gjennom sosial kontakt. I vurderinga si skriv Waagsbø-Kjellsen dette:

– I fleire av tilfella har dei smitta svært mange nærkontaktar, ofte opptil 30.

I tillegg peiker kommuneoverlegen på fleire problem knytt til smittesporing i kommunen:

  • Smitta personar lèt vere å oppgi nærkontaktar
  • Det er vanskeleg for smittesporarane å kome i kontakt med nærkontaktar (eks. tek ikkje telefonen)
  • Nærkontaktar går ut av karantene for tidleg
Anne Gunhild Waagsbø-Kjellsen

Kommuneoverlege i Skien, Anne Gunhild Waagsbø-Kjellsen, fortel at mange unge smitta har opp til 30 nærkontaktar. Det skriv ho i ei ny risikovurdering.

Foto: Grete Ingebjørg Berge / NRK

Kommunane støttar kvarandre

Koronasmitten har gått i taket i Grenland dei siste vekene. I Skien har 365 personar fått påvist viruset dei siste fjorten dagane. Det gir 662 smitta per hundre tusen innbyggjarar.

Det plasserer kommunen heilt i smittetoppen i Noreg.

Til samanlikning har Oslo ein trend på 215 smitta per hundre tusen innbyggjarar dei siste fjorten dagane.

Kommunane i Grenland er sett til tiltaksnivå 5b, med eigne forsterka lokale tiltak.

Fylkesberedskapssjef i Vestfold og Telemark, Jan Helge Kaiser, meiner smittesituasjonen er kritisk.

Fylkesberedskapssjef Vestfold og Telemark, Jan Helge Kaiser.

Fylkesberedskapssjef i Vestfold og Telemark, Jan Helge Kaiser, er oppteken av å bruke ressursar på tvers av kommunane i fylket.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Kaiser trur likevel at systemet for smittesporing kan fungere godt nok viss ein nyttar seg at dei moglegheitene som finst. Han fortel til NRK at kommunane har moglegheit til å låne ressursar til smittesporing og testing frå kvarandre.

– Slike ressursar er tilgjengelege på kort varsel. Vi ser til dømes at Tønsberg no hjelper Skien med ein mobil teststasjon, fortel han.

Den enkelte må ta ansvar

Skien kommune meiner dei førebels har god oversikt over smittebiletet.

– Det er vanskeleg å bruke omgrepet kontroll over den situasjonen vi er i. Vi er avhengige av at alle i samfunnet følgjer tiltaka. Det er heilt avgjerande for om vi kjem ut av dette, seier Erik Nordberg, kommunalsjef for helse og velferd i Skien kommune.

Erik Nordberg

Erik Nordberg, kommunalsjef for helse og velferd i Skien kommune

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

I Skien er det no innført ei rekkje tiltak, både nasjonale og lokale. Nordberg håpar desse tiltaka skal vere med å redusere byrda for smittesporarane i tida som kjem.

– No står det att å sjå korleis effekten av desse tiltaka vil slå ut om nokre dagar, seier han.

For å stoppe smitten vil kommunane i Grenland blant anna stoppe russefeiringa i Skien, Porsgrunn og Bamble.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 12.06.2021
1 194
Smittede siste 7 dager
47
Innlagte
789
Døde
1 929 544
Vaksinerte