Hopp til innhold

Frontkollisjon på riksveg 3

  • Lettare skadar i kollisjon

    Seks personar vart lettare skadde då to bilar frontkolliderte på riksveg 3 nord for Elverum laurdag. Ei kvinne vart flogen til Ullevål sjukehus, og dei fem andre til Hamar sjukehus. Alle seks er stabile og lettare skadde, ifølgje NTB.

    Påkøyrsel T-bana
    Foto: Torunn Grymer / NRK
  • Ein person sendt til Ullevål

    Ein person er frakta til Ullevål sjukehus etter front mot front-kollisjonen like nord for Elverum laurdag. Tilstanden til dei fem andre som var involverte er stabil, fortel Sykehuset Innlandet til NTB. Det er uvisst kva som er årsaka til kollisjonen.

  • Seks til sjukehus etter kollisjon

    Seks personar er sendt til sjukehus etter ein frontkollisjon på riksveg 3 nord for Elverum. Hedmark politidistrikt opplyser til NTB at det førebels ikkje er kjent kor hardt skadde dei seks er, men alle er køyrt til Hamar sjukehus.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no