Frankrike vil ha ny regjering raskt
Frankrike oppfordrar Libanon til å raskt få på plass ei ny regjering etter at statsminister Hassan Diab og resten av regjeringa gjekk av i dag. Frankrike sin utanriksminister Jean-Yves Le Drian seier den nye regjeringa må vise kva ho kan til folket.