Hopp til innhold

Flyr godkjenner løysing

Styret i flyselskapet Flyr har godkjent forslaget frå investorane, og held fram arbeidet med å sikre vidare drift. Det kjem fram i ei børsmelding onsdag morgon.

Dei vil no prøve å hente 700 millionar kroner gjennom fire aksjeutvidingar.

Flyr har vore i akutt pengemangel, og storinvestorar har seld seg ut.

– Selskapet sitt styre har vurdert forslaget om ein ny struktur samansett av eksisterande og nye profesjonelle investorar. Dette er det beste for selskapet og aksjonærane, skriv Flyr i børsmeldinga.

Selskapet ber no investorar om meir pengar og har gitt seg sjølv ein frist til første kvartal 2023 for å klare dette.

– Dersom selskapet ikkje klarer å skaffe denne ekstra nye kapitalen innan utgangen av 1. kvartal 2023, så kan kanskje ikkje selskapet oppretthalde drifta, skriv Flyr.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no