Hopp til innhold

Fleire om bord på styrta militærfly funne

Fiskebåtar har funne tre av dei åtte som var på det amerikanske militærflyet som styrta tidlegare i dag.

Tilstanden til dei tre er førebels ukjent, melder Reuters.

Den japanske kystvakta seier også at dei har funne flyvraket og det som verkar å vere ein livbåt.

Tidlegare i dag meldte fleire nyheitsbyrå om eit amerikansk Osprey-fly som styrta i Stillehavet utanfor den japanske øya Yakushima. Åtte personar skal ha vore om bord.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no