Hopp til innhold

Fleire forskarar åtvarar om utryddingsfare som følge av kunstig intelligens

Fleire leiande forskarar på kunstig intelligens åtvarar mot utviklinga innafor teknologien. I eit felles utsegn skriv dei at å minske risiko for utrydding som følge av kunstig intelligens bør vere ein global prioritering. Oppropet er på berre ei setning.

«Å dempe utryddingsrisikoen frå KI bør vere ein global prioritet ved sida av andre samfunnsmessige risikoar som pandemiar og atomkrig», er setninga som over 200 ekspertar og bransjefolk stiller seg bak.

Ifølgje Center for AI Safety er målet med oppropet å innleie ein diskusjon om farane til teknologien. Det står ingenting konkret om kva dei meiner er utryddingstrua.

Blant dei som har signert, er Sam Altman, toppsjefen i selskapet OpenAI som skapte skriveroboten ChatGPT.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no