Hopp til innhold

Fleire bombetruslar skaper store problem i Moldova

Politiet i Moldovas hovudstad Chișinău etterforskar ei rekkje bombetruslar, som mellom anna vart retta mot høgsterett og den internasjonale flyplassen.

Ifølgje politiet kom det minst ni bombetruslar måndag, og somme var også retta mot sjukehus og kjøpesenter.

I juli kom det over 40 bombetruslar mot mål i Moldova, over halvparten av dei retta mot flyplassen. Det skapte store problem for flytrafikken. Ingen av dei påståtte bombene har så langt vist seg å vere reelle.

Moldova grensar til Ukraina, og ifølgje statsminister Natalia Gavrilita er nokre av truslane spora tilbake til IP-adresser i Russland og Belarus. Ho understrekar at truslane ikkje dermed kom derfrå, men opplyser at begge landa er bedne om å hjelpe til i etterforskinga.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no