Hopp til innhold

Fleire avlyser julebord

Koronasmitten i landet aukar, og fleire bedrifter har bestemt seg for å avlyse eller utsette julebordet i år. Laagendalsposten skriv at juleborda i Kongsberg Gruppen og FMC er avlyst.

Dagleg leiar Kari Tveiten på Lampeland hotell fortel at nokre store grupper har avbestilt juleborda sine som følgje av smittetrykket.

– No er det jo blitt sånn at vi er vant til litt dynamikk. Det er nokon som er kome til den siste veka, som vil ha julebord her, også er det nokre store grupper som har avbestilt, seier ho til avisa.

Folkehelseinstituttet meldte fredag at dei ikkje har nokre planar om nye nasjonale råd om julebord, men oppfordra alle til å ha pandemien i bakhovudet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no