Hopp til innhold

Finlands statsminister reinvaska etter festsak

Det finske sivilombodet seier statsminister Sanna Marin ikkje forsømte pliktene sine som statsminister då ho deltok på ein fest i august.

Grunnen til klagene var ein lekka video frå festen som viste statsministeren danse.

Marin har forklart at ho hadde hatt ein kveld saman med venner, og at videoen blei filma i private rom. I etterkant av lekkasjen tok ho også ein narkotikatest, som var negativ.

Sivilombodet seier at klagene som kom inn, ikkje klarte å fastslå at Marin hadde sett noko offisiell plikt i fare.

Vidare seier ombodet at dei moralske og sosiale dimensjonane ved fritidsaktivitetane til statsministeren, er ei sak for parlamentet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no