Hopp til innhold

Finland: Den drepne eleven var ein gut

Den tolv år gamle eleven som blei drepen i skuleskytinga i Finland tysdag, var ein gut, seier finsk politi. Dei to skadde er jenter, skriv svenske Yle.

Politiet jobbar framleis med å kartlegge kva som skjedde i samband med skytinga ved ein skule i Vantaa. Tolvåringen som skaut har forklart seg til politiet om eit mogeleg motiv, opplyser politiet til det finske nyheitsbyrået STT, skriv NTB.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no