Hopp til innhold

Ikke lov å forby MC-klubben Satudarah

Statsadvokaten bad i vinter Oslo tingrett om å forby MC-klubben Satudarah. Retten har no avvist ynsket.

– Retten meiner at vilkåret om «eit forbod er naudsynt for å førebygge alvorleg kriminalitet» ikkje er oppfylt, står det i dommen som blei avsagd i dag.

Påtalemakta meiner klubben er ein organisert, kriminell gjeng som er involvert i knivstikking, skyting på ope gate og fleire andre alvorlege lovbrot.

I 2021 kom det ei ny lov som opnar for at staten kan forby kriminelle gjengar, og i saka mot Satudarah motorsykkelklubb (SMC) blei lova prøvd for fyrste gong.

Retten har lagt vekt på at klubben ikkje har eksistert særleg lenge, og ikkje synest å vere godt etablert.

– Den fryktkapitalen det blir vist til, framstår i større grad å vere knytta til einskildpersonar enn til klubben, står det i dommen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no