Færre koronapasientar på sjukehus

Tysdag var det 119 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus i Noreg. Det er tre færre enn dagen før.

21 av pasientane får behandling med respirator, og 35 ligg på intensivavdeling.

Det er ein meir på respirator og to fleire på intensivavdeling samanlikna med dagen før, viser oversikta frå Helsedirektoratet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no