Færre innlagde med koronavirus
Talet på innlagde pasientar med covid-19 er onsdag 307, viser tal frå Helsedirektoratet. Det er 13 færre enn dagen før. 95 av pasientane ligg på intensivavdeling, som er fem fleire enn tysdag. 48 pasientar får respiratorbehandling, som er to færre enn dagen før.