Hopp til innhold

Færre døyr av livstilssjukdommar i Noreg

Sidan 2015 har 17 prosent færre døydd av ikkje-smittsame sjukdommar, altså livstilssjukdommar, før fylte 70 år, ifølge FHI. Den største årsaka til nedgangen er at færre døyr på grunn av kreft og hjarte- og karsjukdommar, viser dei oppdaterte tala.

I 2015 døydde 212 av 100.000 innbyggjarar av ikkje-smittsame sjukdommar, medan talet var 176 i 2021. Dei ikkje-smittsame sjukdommane som inngår i statistikken, er hjarteinfarkt, hjerneslag og andre hjarte- og karsjukdomar, kreft, diabetes og lungesjukdomen kols.

Samtidig er det usikkert korleis det vil utvikla seg vidare, då ein nå kan sjå effektane av at mange har slutta å røyke. Samtidig som nedgangen totalt går i riktig retning, er det to av måla ein ikkje har klart å snu utviklinga for. Det gjeld for fysisk inaktivitet og å minka andelen med fedme og diabetes, der det har vore ein liten nedgang i vaksne med tilstrekkeleg fysisk aktivitet og inga endring når det gjeld barn. Andelen med fedme og diabetes har auka.

Verdas helseorganisasjon (WHO) har eit mål om at reduksjonen i desse type dødsfalla skal vera på 33 prosent mellom 2015 og 2030. Dette er også ein del av FN sine globale mål for berekraftig utvikling.

– Ein nedgang på 17 prosent i tidleg død frå 2015 til 2021 tyder på at Noreg er på veg til å nå målet om 33 prosent nedgang innan 2030, skriv FHI.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no