Få blir testa i Afrika

WHO anslår at talet på koronasmitta på kontinentet ligg på 59 millionar. Det er over sju gonger meir enn dei rapporterte tilfella på berre 8 millionar.

Dei høge mørketala kan forklarast med at helsefasilitetar så langt har fokusert på å berre teste folk med koronasymptom, seier WHO torsdag.

Så langt har berre 70 millionar covid-19-testar vorte rapporterte inn på kontinentet med 1,3 milliardar menneske, ifølgje WHO. Til samanlikning har Storbritannia, med under 10 prosent av Afrikas befolkning, utført over 280 millionar testar.

Totalt er det registrert meir enn 8,4 millionar tilfelle med koronasmitte i Afrika, inkludert 214.000 koronarelaterte dødsfall.

Hittil er færre enn 4 prosent av Afrikas befolkning fullvaksinert mot covid-19.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no