Hopp til innhold

EU-presidenten takka Støre

EU-presidenten Ursula von der Leyen seier Noreg har ei viktig rolle å spela når EU skal frigjera seg frå russisk gass.

– Som vi har sett, har Russland dei siste månadane brukt gass som eit instrument for å leggja press ikkje berre på Ukraina, men også på EU. Vi er veldig bestemte på å koma over avhengigheita vår av russisk gass. Difor er det veldig fint å ha deg her, sa von der Leyen då ho møtte statsminister Jonas Gahr Støre.

Norway's PM Jonas Gahr Store is welcomed by European Commission President Ursula Von Der Leyen, in Brussels
Foto: POOL / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no