Hopp til innhold

EU ber om at belarusisk opposisjonell blir sett fri

EU har bede Belarus sette fri den fengsla opposisjonsleiaren Maria Kolesnikova.

Kolesnikova blei måndag sendt til sjukehus for intensivbehandling. Det er førebels ikkje kjent kva som var årsaka til innlegginga.

– Rapportane om helsesituasjonen hennar gjer meg svært uroleg, seier EUs utanrikssjef Josep Borrell, ifølge AFP.

Onsdag kom Tysklands utanriksminister Annalena Baerbock også med eit krav om at Kolesnikova blei sett fri.

Torsdag kom det meldingar om at ho var ute av intensivavdelinga der ho blei operert, og flytta over til ei anna avdeling, ifølge støttespelarar, melder Reuters.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no