Hopp til innhold

Enda ein person er gripen etter drap i Sverige

Enda ein person er gripen etter drapet på ein 39 år gammal mann i Skärholmen sør for Stockholm i april, melder Aftonbladet.

Tidlegare er to andre personar også gripne i saka. Det skjedde få dagar etter drapet.

Fleire er mistenkt for å vere innblanda, ifølge avisa.

Den drepne 39-åringen blei drepen då han var på veg til svømmehallen med sonen sin.

Ein ungdomsgjeng stoppa dei, og truga med ein pistol.

Mannen blei skoten då han prøvde å ta våpenet frå ungdommen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no