Ein million er råka av flaum i Pakistan

Kraftig flaum i Pakistan råkar oppunder ein million menneske, og førebels er 139 drepne dei siste tre vekene. Det seier pakistanske styresmakter.

3.826 landsbyar skal vere øydelagde og meir enn 13.000 hus er knuste av flaumvatnet som har herja dei sør-vestlege delane av landet. Det er venta meir monsunregn i vekene som kjem.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no