Hopp til innhold

Eide optimist før COP28

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) er optimistisk med tanke på å få eit positivt resultat frå klimatoppmøtet som startar i Dubai om ein månad. Denne veka har han delteke på ein førebuande konferanse i Abu Dhabi.

– Eg kjem heim med gode nyheiter, eigentleg. Trass i den svært vanskelege situasjonen vi har med pågåande krig i Ukraina og ein veldig dramatisk situasjon i Midtausten, så var alle landa som deltok, klare for å halde fram arbeidet for at klimatoppmøtet skal bli vellukka, seier Eide til NRK.

– Vi har for eksempel gått mykje djupare inn i vanskelege spørsmål som omstillinga frå fossil til fornybar energi enn vi har gjort nokon gong tidlegare. Utan at eg skal forskottere utfallet, meiner eg at dette er ein del av internasjonal politikk som framleis verkar. Det er viktig i seg sjølv, fordi klima- og naturkrisa er den største langsiktige utfordringa vi har. Og det er viktig å vise at FNs klimadiplomati fungerer.

Då han var klima- og miljøminister fekk Espen Barth Eide i oppdrag å leie forhandlingane om utsleppskutt fram mot klimatoppmøtet - saman med Grace Fu, som er klima- og miljøminister i Singapore. Han har framleis dette ansvaret, og skal leie den norske delegasjon til klimatoppmøtet (COP28).

Utanriksminister Espen Barth Eide og klima- og miljøminister i Singapore, Grace Fu i Abu Dhabi
Foto: Privat

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no