Hopp til innhold

Kvinne og barn drepne i Stockholm

Ei kvinne i 40-åra og eit lite barn blei i ettermiddag funne drepne i Stockholm. Ein mann i 40-åra er pågripen, mistenkt for drapa.

Politiet blei varsla klokka 13.48 og rykte raskt ut til ei adresse i eit villaområde på Mälarhöjden.

– Kvinna blei erklært død på staden, og barnet sitt liv stod ikkje til å redde, står det i ei pressemelding frå politiet i Stockholm.

Den mistenkte gjerningsmannen blei pågripen på ei anna adresse vel ein time seinare.

Det skal ha vore ein relasjon mellom den mistenkte og dei drepne.

Dobbeltdrap i Stockholm
Foto: Blåljusbilder

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no