|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næringsliv i Selje kommune: Selje SkjortefabrikkSelje Skjortefabrikk grunnlagt 1946 av Wald Drageseth og broren Asbjørn Drageseth. Publisert 06.03.2001 13:53. Oppdatert 22.11.2001 13:26.LYD OG VIDEO
| Skjorte frå Selje Skjortefabrikk |
Far deira hadde 1936 starta skjorteproduksjon i mindre skala. Denne vart innstilt under krigen. Fabrikken starta med 20 tilsette. Etter ein brann jula 1946, stod ny fabrikk ferdig 1948 med 50 tilsette. I 1960 90 tilsette – 70 av desse kvinner.
Frå 1976 har Wald Drageseth og sonen Magnar eigd og drive Selje Skjortefabrikk åleine. Fabrikken var i denne familiegreina si eige til 2001, då aksjemajoriteten vart seld til Oslo-firmaet NB Partner.
Etter store reduksjonar i 2001 og 2002 er fabrikken i Selje så godt som nedlagd, og produksjonen er flytta til Baltikum. Fabrikkbygningane på Nabben er framleis eigde av Magnar Drageseth.
(Sjå Wald Drageseth.)
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|