|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Flora: A. Haave ASAbraham Haave starta 1892 som forretningsmann i Florø, og tok m.a. til med eksport av sild og fisk. Publisert 06.02.2006 11:29. Oppdatert 28.02.2006 13:20.
| Haavebua |
Han bygde den kjende Haave-bua i sentrum, kjøpte fiskedampskipet "Kinn" i 1894, og hadde forretningar i Brønnøysund og på Island. I tida frå 1899 til 1903 var han medeigar i fleire havgåande fiskedampskip. – Les meir om dette under Fiskerihistoria, artikkelen Ny oppgangstid i sildefisket.
Han var medskipar av Fjordenes Kreditbank 1902, og medeigar i Florø Sildoljefabrikk, grunnlagt 1910 (Sjå Sildoljefabrikkane.)
Abraham Haave var den første i Florø som installerte gassbelysning i eigedomane sine då han i 1903 kjøpte eit lite acetylgassverk som gav lys til både sjøbu og privathus.
Første fryseriet i fylketA. Haave A/S bygde også Florø Fryseri i 1930. Dette var det første skikkelege fryseriet i fylket, og det einaste mellom Bergen og Stavanger (Bergens Kjøleanlegg vart bygd like etter Florø Fryseri). Fryseriet i Florø hadde kapasitet på 2400 kassar frosen sild i døgeret og sysselsette mellom 40 og 50 personar då det var nytt. I 1931 leverte fryseriet 25.000 kassar frosen sild, men ismangel og mangel på eige kjøleanlegg gjorde at produksjonen gjekk mykje ned seinare på 1930-talet.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|