|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kristelege lag og org. i Sogn og Fjordane: Jehovas vitnerJehovas vitner vart starta som ei kristen bibelstudiegruppe i USA av Charles Taze Russel (1852–1916) på 1870-talet. Publisert 24.01.2006 08:20. Oppdatert 12.06.2006 10:54.
Namnet på organisasjonen kjem frå meininga om at namnet på den bibelske Gud er Jehova, og ikkje Jahve. Jehovas vitner vert leia frå Watch Tower Bible and Tract Society i New York.
Læra byggjer på bibeltolkingar om at verda er inne i endetida, og at Kristi’ gjenkomst er nær. Både 1874, 1914 , 1925 og 1975 har vorte tolka som endetida på ”heidningetida”, utan at det har slege til. Frå 1995 har rørsla difor gått bort frå slik tidfesting av Kristi’ gjenkomst og eit klimaks med den store ”Harmageddon-krigen” der Satan og alle onde menneske skal utslettast.
Jehovas Vitner omtalar seg sjølve som dei einaste kristne, men avviser treeinighetslæra (Faderen, Sonen og Den heilage ande) og tilbeding av Jesus. Julefeiringa vert rekna som ein heidensk skikk, medan Jesu’ død vert markert med ei minnehøgtid kring påsketider. Jehovas vitner kom med eiga bibeloversetjing i 1996.
Jehovas Vitner er kjende for forkynnelse med unge misjonærar som går frå hus til hus og deler ut misjonblada ”Fyrtårnet” og ”Våkn opp”.
Menighetshusa vert kalla ”Rikets sal”.
I Noreg tel Jehovas Vitner kring 15.000 medlemmer fordelt på kring 180 menigheter.
I Sogn og Fjordane tel Jehovas Vitner fire menigheter; i Måløy, Florø, Førde og Sogndal med til saman kring 150 medlemmer (2005). Den største menigheta er Førde med kring 60 medlemmer. Rikets Sal i Halbrendslia i Førde vart bygd på dugnad, fiks ferdig og innflyttingsklart, i løpet av tre døgn i 1991! Det same hende då 160 Jehovas Vitner-medlemmer frå heile landet bygde nytt menighetshus i Brandsøy i Flora kommune på tre dagar i 2006.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|