SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Organisasjonar i Sogn og Fjordane:

Nordfjord distriktslosje av I.O.G.T.

vart skipa i 1918, med Ola Sande frå Sandane som første leiar.

Publisert 23.01.2006 08:37.

Han var ei drivande kraft for skiping av ei mengd lokale fråhaldslag i Nordfjord.
Den første lokale fråhaldslosjen i Nordfjord vart skipa på Nordfjordeid i 1892 av Torgeir Oos. Det var losje ”Morgendæmring” som fekk 24 medlemmer frå starten.

Folkerøysting og forbodstid

Den største kampsaka for distriktslosjen i Nordfjord var dei store folkerøystingane kring nasjonalt alkoholforbod i 1915, 1919 og 1926. I 1915 røysta 9213 nordfjordingar for forbod, 1082 ville ikkje ha forbod, medan 2119 var nøytrale.
Det kom til omkamp i 1919. Då røysta 7056 nordfjordingar for at det framleis skulle vere forbod mot produksjon, sal og innførsle av alkohol. 2185 røysta for å oppheve forbodet.
Forbodstida i Noreg varde til 1926, då forbodet vart oppheva med ei ny folkerøysting. Men framleis var det stort fleirtal i Nordfjord for å halde på forbodet: 7091 røysta for alkoholforbod framleis, medan 3057 røysta for å oppheve forbodet. Røystinga i 1926 viste at folk i Gloppen og Stryn kommunar stod sterkast på forbod, medan folket frå og med Hornindal og vestover hadde vorte meir liberale, særleg Sør-Vågsøy kommune, der det var jamnt løp.

Brennevinsjakt i fjøresteinane

Forbodstida frå 1915 førde til stortilt smugling. Etter at forbodet vart oppheva i 1926 var det framleis så store avgifter på alkohol at spritsmugling var ein svært lønsam geskjeft. Heile båtlaster med brennevin vart ført ulovleg inn i landet.
Like før jul i 1931 gjekk trålaren ”Venus” ned på Kvalheimsvika i Vågsøy. To av mannskapet vart berga av bygdefolket, dei andre 10 drukna. Ryktet sa at skipet hadde 18.000 liter sprit ombord. Då skipet gjekk ned, flaut mykje av lasta opp. Spritkannene dreiv inn i fjæresteinane. Ryktet om den spesielle lasta spreidde seg som eld i turt gras. Utover natta arbeidde folk så sveitten silte med å berge den ”dyrebare” lasta, og då morgonen kom, låg det digre stablar med spritkanner langs heile fjæra.
Lensmannen fekk melding om hendinga på vestsida av øya og sette av garde for å ta opp forklaring. Men det var lang veg frå Måløy. Då han kom fram til Kvalheim, var spriten som dunsta bort. Folk hadde gøymt unna det dei makta før lovens lange arm kom til gards!
Men var spriten drikkande? For å finne ut det, let dei den eldste i huset prøvesmake, og var kallen i live etter nokre timar, var det fritt fram. Bygdehumoren vil ha det til at
karane i bygdene kring Kvalheimsvika og Torskangerpollen ikkje var edru ein dag i det året som deretter fylgde. - Og på Kvalheim skal det ha vore smuglarsprit frå 1931 i omløp heilt fram på 1960-talet.

I.O.G.T.-losjar i Nordfjord:

Morgendæmring, Nordfjordeid, skipa 1892.
Nora, Nor i Eid, skipa 1894.
Trofast, Sandane, skipa 1896.
Hornelen, Rugsund, skipa 1899.
Stryningen, Stryn, skipa 1901.
Syskenheimen, Vereide, skipa 1903.
Fred, Utvik, skipa 1903.
Havglimt, Måløy, skipa 1904.
Freidug, Loen, skipa 1905.
Statt, Stadlandet, skipa 1906.
Framhald, Bryggja, skipa 1906.
Vora, Byrkjelo, skipa 1906.
Sudstrandstryggen, Sørstranda i Gloppen, skipa 1907.
Lodalskåpa, Lodalen, skipa 1910.
Stodrheim, Stårheim, skipa 1910.
Havlys, Flatraket, skipa 1922.
Eidshorn, Eide i Selje, skipa 1922.
Solsprett, Kjølsdalen, skipa 1923.
Ulabrand, Ytre Stadlandet, skipa 1924.
Breimingen, Reed i Breim, skipa 1924.
Krinslosje ”St. Sunniva” vart skipa i 1927 for dei vestlege losjane i Vågsøy og Selje.
Krinslosje ”Veten” vart skipa i 1927 for Breim og Gloppen.
Krinslosje ”Kolbein Sterke” vart skipa i 1927 for losjar i indre Nordfjord.
Krinslosje ”Vårliv” vart skipa i 1928 for losjane frå dåverande Eid og Davik kommunar.
Strynevarden, Mindresunde, skipa 1928.
Roald,.........., skipa 1929.
Solmøy, Barmsund i Selje, skipa 1930.
Dagning, Austrheim i Gloppen, skipa 1930.
Oppstryningen, Oppstryn, skipa 1932.
Vikar, Innvik, skipa 1933.
Fjellbu, Fjelli i Stryn, skipa 1935.
Vestvern, Vågsvåg, skipa 1941.
Sisiliekruna, Olden, skipa 1944.
Raudebergs Von, Raudeberg, skipa 1948.
Frimann, Davik, skipa 1949.

MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no