SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Organisasjonar i Sogn og Fjordane:

Norske Kvinners Sanitetsforening

Norske Kvinners sanitetsforening vart skipa i 1896 av Fredrikke Marie Qvam, Randi Blehr, Cecilie Thoresen Krog, Margrete Vullum og Pylle Horst.

Publisert 22.01.2006 20:11. Oppdatert 28.02.2006 09:14.

I Sogn og Fjordane vart dei første lokallaga skipa like etter hundreårsskiftet. Heilt fram til 1949 var desse lokallaga samla i eit felles regionalt lag saman med Bergen og Hordaland i Bergen krins.

Laura Sundal Skorpen fylkesleiar i 17 år

Norsk Kvinners Sanitetsforening Sogn og Fjordane fylke vart skipa i 1949 då Bergen krins vart delt. Laura Sundal Skorpen frå Flora var første fylkesleiar frå 1949 til 1966. Fylkeslaget hadde ved skipinga 6472 medlemer i 23 lokale foreningar. I tillegg kom to ungdomsavdelingar og tre barnelag.

Dreiv skuletannrøkt

Kampen mot tuberkulosen, helsesøsterteneste og småbarnskontroll, og bygging av lokale helsestasjonar og sjukestover var sentrale arbeidsoppgåver for sanitetslaga i dei første ti-åra. Etter 2. verdskrig var det også einskilde lokale lag som dreiv skuletannrøkta på heimstaden, og på Bulandet skaffa jamvel laget bygda symjebasseng slik at ungane fekk symjeopplæring.

Solbakken i Florø.

Solbakken i Florø

Det største løftet for Sanitetsforeningen i Sogn og Fjordane var bygginga av Solbakken arbeids- og pleieheim for psykisk utviklingshemma i Florø, opna i 1960. Solbakken vart utvida fleire gonger på 1960-talet, og fekk også ei hytte i Eikefjord. Solbakken hadde i 1971 omsorg for 44 psykisk utviklingshemma barn.
Fylkeskommunen overtok driftsansvaret for Solbakken i 1981, og institusjonen vart avvikla i samband med HVPU-reforma tidleg på 1990-talet. Institusjonen har sidan vorte leigd av Flora kommune som m.a. har brukt Solbakken som flyktningmottak.

Ved 50-årsjubiléet til fylkeslaget i 1999 vart skipingsåra til desse sanitetslaga registrerte:

Breim Sanitetslag vart skipa i 1899
Florø Sanitetsforening vart skipa i 1904
Askvoll Sanitetsforening vart skipa i 1911
Gulen Sanitetslag vart skipa i 1911
Selje Sanitetsforening vart skipa i 1911
Vadheim Sanitetsforening vart skipa i 1912
Byrknes Sanitetsforening vart skipa i 1913
Eikefjord Sanitetslag vart skipa i 1913
Hornindal Sanitetslag vart skipa i 1913
Kinn Sanitetslag vart skipa i 1913
Aurland Sanitetslag vart skipa i 1914
Bjordal Helselag på Høyanger sørside vart skipa i 1914
Bremanger Sanitetslag vart skipa i 1915
Kalvåg Sanitetsforening vart skipa i 1915
Davik Sanitetslag vart skipa i 1917. Dette vart delt i 24 arbeidslag i den spreiddbygde kommunen.
Svelgen Sanitetsforening vart skipa i 1920
Høyanger Sanitetsforening vart skipa i 1922
Nordfjordeids Sanitetsforening vart skipa i 1923
Kyrkjebø Sanitetslag vart skipa i 1925
Kjølsdalen Sanitetsforening i Eid vart skipa i 1926
Ortnevik Sanitetslag i Høyanger vart skipa i 1926
Strendene Sanitetsforening for Bjordal og Ortnevik vart skipa i 1926
Søreide Sanitetslag i Høyanger vart skipa i 1926
Bulandet Sanitetslag vart skipa i 1936
Stongfjorden Sanitetslag vart skipa i 1936
Ålfoten Sanitetsforening vart skipa i 1939
Midtgulen Sanitetsforening i Bremanger vart skipa i 1945
Norddalsfjord Sanitetslag i Flora vart skipa i 1945
Standal Sanitetsforening i Flora vart skipa i 1957
Svardal Sanitetslag i Flora vart skipa i 1958
Totland Sanitetslag, Bryggja, vart skipa i 1964
Kjøllesdal Sanitetslag vart skipa i 1964
Leirvåg Sanitetslag i Askvoll vart skipa i 1970
Ålfoten Sanitetslag vart skipa i 1979
Berle Sanitetsforening i Bremanger vart skipa i 1979
Rugsund Sanitetslag vart skipa i 1979
Storebru-Langedal Sanitetsforening vart skipa i 1986


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no