Det første pionérfisket etter pigghå vart starta ved Kristiansund på 1920-talet.
|
Foto NRK |
Dei første åra vart denne fisken berre levert til fiskemjølindustrien. Det var først då fiskarar og eksportørar frå Måløy engasjerte seg i pigghåfisket frå 1927 på Aktivneset vest for Stad at den vart eksportert som matfisk til Storbritannia og Mellom-Europa.
Ekspertar på pigghå
Måløyværingane vart etter kvart ekspertar på handtering av denne lett bedervelege haifisken, og alt på 1930-talet var pigghåfisket ein berebjelke under fiskeribyen Måløy, med ein eksport på fleire hundre tonn i året. I 1936 reiste Måløy-båten ”Valder” med brørne Alf, Fridtjof og Olav Vetvik på prøvefiske etter pigghå ved Shetland og kom tilbake med god fangst, og heilt fram til pigghåfisket tok slutt kring 1980 var bankane kring dei skotske øyane dei viktigaste fiskefelta for pigghåflåten.
|
Frå "VM" i pigghåskinning under Måløydagane i 1981. Foto: Fjordenes Tidende |
Fekk ikkje einerett
I 1935 freista pigghåfiskararane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal å få eineretten til førsteomsetning av all oppfiska pigghå ved å skipe Pigghårfiskernes Salslag. Dei ville såleis kopiere håbrandfiskarane sin suksess frå året før, då deira nyskipa Håbrandfiskernes Salslag fekk tildelt eineretten til all førstehandsomsetning av håbrand på Vestlandet. Men denne gongen ville ikkje Fiskeridirektøren gje løyve til eit slikt monopol, og Pigghåfiskernes Salslag vart lagt ned. I staden innførte Fiskeridirektøren eksportkvotar for å løyse dei akutte omsetningsproblema og prisfallet som pigghåfiskarane sleit med på denne tida.
Telavågbåtane
Etter krigen fekk folket i Televåg på Sotra ei spesiell hjelp frå Staten til å gjenreise det vesle fiskeværet som nazistane hadde brent og rasert i 1942: Regjeringa fekk bygd ein mengd 50-fots fiskeskøyter som dei gav til Televåg-folket vederlagsfritt. Men det krigsråka Televåg som hadde miste så mange menn i tyske konsentrasjonsleiarar, var ikkje budd på å kunne utnytte ei slik gåve fullt ut. Difor vart ein stor del av denne
fiskeflåten leigd ut og seinare kjøpt av måløyværingar og sett inn i pigghåfisket. Kjende pigghåbåtar som ”Kletten” og ”Steggsund” var såkalla ”Televågbåtar”.