SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Politiske parti og rørsler i Sogn og Fjordane:

Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Arbeidarparti vart skipa som fylkeslag den 15. august 1920, men lenge før hadde det eksistert både lokallag og regionale partilag:

Publisert 18.10.2004 12:07. Oppdatert 13.03.2006 11:18.
Utanom thranittarlaga (sjå: Politiske parti og rørsler i Sogn og Fj.) som vart skipa i indre Sogn kring 1850, var det Florø som var først ute med eit lokalt arbeidarlag: Berre 10 år etter skipinga av Det norske Arbeiderparti (DNA) den 22. august 1887 vart Florø Arbeiderlag skipa i 1897. Dei første åra før Landsorganisasjonen vart skipa i 1903, tok dette laget seg også av reint fagpolitiske saker lokalt.

Liste til stortingsvalet

Det neste arbeidarlaget som ein kjenner til i fylket, vart skipa i Innvik i august 1909 etter opptak av Jens Ivarson Hilde, og same året stilte dette laget liste til stortingsvalet. Det var arbeidarmiljøet ved Indviken Uldvarefabrikk som utgjorde kjernen i dette lokallaget.

I 1915 eller 1916 vart Nedre Lærdal Arbeiderforening skipa, og dei dreiv m.a. bibliotek med eigen lesesal. I same huset fekk også den første arbeidaravisa i fylket, Sogns Socialdemokrat (sjå: Aviser og media i Lærdal), kontor då avisa vart skipa i 1919.

Høyanger Arbeiderparti vart skipa i 1919. Her var forløparen på eit vis fagforeninga Høyanger Træarbeiderforening som vart skipa i 1917.

Tre krinslag frå 1918

I 1918 vart det organisert tre krinslag: Indre Sogn Kretsparti, Ytre Sogn Kretsparti og Kinn og Omegn socialdemokratiske fiskerforening. Ved stortingsvalet i 1918 stilte desse tre regionale partilaga eigne vallister som tilsaman fekk 1.062 røyster. Ved kommunevalet same året fekk partiet inn tilsaman 31 representantar i kommunestyra.

Dei to regionlaga i Sogn vart slegne saman til Sogn Arbeidarparti i 1920, og i Nordfjord gjekk arbeidarlaga i Eid, Gloppen og Innvik saman. Men desse regionlaga vart berre eit kort mellomspel før ein organiserte fylkeslaget om hausten same året.

Kløyvd kommunistsyn

I 1923 vart den norske arbeidarrørsla kløyvd i synet på medlemskap i Den kommunistiske internasjonalen. Også i Sogn og Fjordane vart Arbeidarpartiet kløyvd, og eit fleirtal i styret gjekk med NKP. Etter oppmoding frå DNA sentralt vart fylkespartiet reorganisert i 1927 ved at fylkeslaga av Det norske Arbeiderparti og Norges socialdemokratiske parti slo seg saman under namnet Sogn og Fjordane Arbeidarparti med M. Sørbotten frå Vadheim som første formann.

På Stortinget frå 1927

Anders A. Lothe frå Florø vart partiet sin første representant på Stortinget i 1927.

Partiavisene

Partiaviser for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane har vore:
«Sogn og Fjordane Socialdemokrat» – først skipa som avis i Lærdal (sjå: Aviser og media i Lærdal) og flytta til Vadheim i 1921. Avisa gjekk inn i 1922.
«Hjallarhorn» starta av Tor Grønnevik i Førde i 1935, og frå 1938 til den gjekk inn i 1940 partiorgan for Arbeidarpartiet.
«Sogn Folkeblad» som vart skipa i 1938, og frå 1968 til den gjekk inn i 1997 kom ut som dagsavis i Høyanger under namnet «Sogn Dagblad».
«Firdaposten » i Florø, skipa i 1948.
Begge dei to siste vart eigde av Norsk Arbeiderpresse.
Eige kvinneutval for fylket vart skipa i 1933.
Sogn og Fordane AUF vart skipa i 1935.

MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no