|
Jostedalsbreen nasjonalpark innanfor Fåbergstølane. (Foto: Stein Magne Os, NRK) |
Statkraft starta utbygginga av Jostedalsvassdraget i 1984. Då krafta frå vassdraget kom på nettet i 1990, hadde anlegget kosta 2,3 milliardar kroner. På det meste arbeidde det kring 1.000 personar på Jostedalsanlegga.
Mange underleverandørar skipa eigne avdelingskontor i Gaupne i anleggsperioden, m.a.
Mørefly som i fleire år dreiv helikopterbase i Gaupne. Den samla kraftproduksjonen frå Jostedals-verka er på 877 GWh (i 2003).
Største fallhøgda i landet
Frå øvste magasinet til kraftstasjonen er fallhøgda 1.186 meter - den største fallhøgda for noko norsk kraftverk. Det øvste magasinet er Kupevatnet på 1.263 m.o.h. Dette er eit såkalla senkemagasin der reguleringshøgda er 73 meter.
Det største magasinet ligg bak den 55 meter høge Styggevassdammen. Det rommar 250 millionar kubikkmeter, og reguleringshøgda på Styggevatn er totalt 90 meter.
Desse magasina er så store at det tek halvtanna år med normal nedbør å fylle dei.
|
Frå Jostedalsutbygginga på 1980-talet. Foto: Statkraft |
Enorme vassmagasin
Det vart skote kring 70 kilometer tunnelar og bygt omlag 60 kilometer vegar i samband med Jostedals-anlegget. Utbygginga førte til at hovudelva gjennom Jostedalen fekk redusert vassføringa med omlag ein tredjedel.
Kraftstasjonen ligg i fjellet eit stykke ovanfor Gaupne.
|
Vatnet frå kraftverka boblar til overflata i fjorden ved Gaupne. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003) |
Etter at vatnet frå både Leirdøla og kraftverka i Jostedalen har gjort nytte for seg i turbinane, vert vatnet leidd i ein samletunnel og sleppt ut i fjorden på 40 meters djup like nord for Grandane i Gaupne. Den enorme vassmengda viser att som ein sydande vasskvervel på overflata.
Breheimen-krafta vart verna
Men då det i 1984 vart søkt om regulering av Breheimen og Strynevassdraget, vart saka utsett, og det enda med vern av vassdraget i 1993. Aksjons-gruppa "Berg Breheimen" med folk i Oppstryn i spissen, gjorde mykje for vern av vassdraget. Også Mørkridvassdraget i Luster vart varig verna i 1993.