|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Luster: Forthun Turiststasjon | Den gamle skyss- og turiststasjonen i Fortun. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003) |
Forthun Turiststasjon vart bygt i 1882 av ekteparet Susanna og Ole Nilsson Øiene. I Fortun overtok dei ein landhandel som David Yttri hadde drive sidan 1868. Publisert 27.06.2003 10:54. Oppdatert 23.02.2005 11:54.Han hadde for sin del teke over handelen etter Kristian Rebni. I 1882 bygde ekteparet nytt hus, og dreiv landhandel i den eine enden og hotell i den andre. Hotellet vart også nytta av folk som fiska laks i Fortunselvi.
Dreiv skysstasjonOle hadde også skysstasjon med to hestar som vart nytta på skyssing av ferdafolk over Sognefjellet til Røisheim i Bøverdalen. Ole var også tindeførar, vart patentførar i 1887 og fekk livvarig medlemskap i DNT for innsatsen sin.
I 1907 overtok Erik Øiene landhandelen, og i 1942 turiststasjonen. Sonen Ola E. Øiene overtok 1962. Bygget vart utvida og modernisert i 1959 og midt på 1970-talet, slik at overnattingsdelen vart på 25 senger.
Landhandelen lagt nedI 1990 overtok dottera Liv Susanne Øiene, og dreiv til 2001, då broren Erik overtok. Landhandelen vart lagt ned i 2000. Erik har restaurert og pussa opp turiststasjonen.
Han driv elles Øiene verkstad i Gaupne med bilreparasjon, transport og bilberging.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|