på Hermansverk bygde eit lite kraftverk i Henjaelva i 1917. Dette vart kalla "Hermansverk elektroverk", og leverte også straum til nokre få hus i nærleiken. Ein av abonnentane var handelsmann Mathias Dugstad (sjå:
Kristoffer Kristofferson Aarskog). Kraftverket ved fabrikken var i bruk til 1952.
Kraftverk på Eitorn
På Eitorn vart det bygt to små private kraftverk - det eine vart bygt i 1935 av Eirik Eithun i Kolgrovi og var i drift til 1954. Det andre kraftverket i bygda vart bygt i 1942. Eitorn fekk straum frå det utvida forsyningsnettet i 1950.
Ålmennforsyning - kamp om fallrettar
Alt i 1912 vart det skipa ei kommunal nemnd som skulle planleggje kraftverk og elektrisk lys i Leikanger. Men dei kom ikkje så langt så lenge det vart tevling med lokale industrifolk om fallrettane i Henjaelva.
Leikanger Ungdomslag stod hardt på i "kraftsaka", og fekk m.a. fylkesmann
Ingolf Christensen og seinare overrettsakførar
Einar Langberg inn i nemnda.
I 1913 hadde ein nær fått ein avtale om kjøp av falla i nedre del av elva, men det stranda til sist på usemje grunneigarane imellom. I staden vart det dei to private kraftverka ved Henjaelva som i lang tid skulle levere straum til kring 50 husstandar i den indre delen av bygda. Frå fylkesmannsgarden og vestover var det framleis straumlaust i mange år.
Desse lokale problema gjorde at Leikanger kommune i 1920 gjekk med i
Gaulasamskipnaden - eitt av i alt tre interkommunale selskapa som skulle byggje ut kraftverk til ålmenn forsyning. Gaulasamskipnaden skulle byggje ut Gaula og forsyne Sunnfjord og Sogn innover til Leikanger, Sogndal og bygder i Luster. Men samskipnaden havarerte kort tid etter då dei økonomiske nedgangstidene sette inn.
Leikanger kommunale Elektrisitetsverk vart skipa i 1930, og bygde sin eigen kraftstasjon i Henjaelva.
vart skipa i 1947 med seks kommunar i midtre og Indre Sogn som eigarar. Hovudkontoret er plassert i Vik. Selskapet har elles (i 2002) avdelingskontor med ingeniør-avdeling i Sogndal og dessutan ein mindre lokale base i Balestrand. Fram til 2001 hadde Sognekraft også kontor på Leikanger, der selskapet heldt til i 2. etasje på samvirkelagsbygget på Hanehaug.
Sognekraft fekk hovudproduksjonen sin frå kraftstasjonen i Årøy i Sogndal. Årøykrafta vart ikkje ført vidare vestover til Balestrand før i 1950, då fjordspennet ved Hella vart bygt.