Fastskule
Trass i sterk motstand frå bøndene, vart omgangsskulen avløyst av fastskule i hovudsokna i dåverande Leikanger prestegjeld i 1829. Skulen heldt til i klokkargarden på Holum (Grinde). Denne garden hadde vore klokkargard heilt sidan starten på 1600-talet. I 1840 hadde skulen fått 40 elevar delt på tre klassar. Dei fekk undervisning tre dagar i veka. I 1853 vart eit hus frå prestegarden på Leikanger flytta til Holum og brukt som skulehus.
Privatskule i prestegarden
Presten Jakob Andreas Lindemann (sjå:
Kjende personar i Bremanger fødde før 1900) dreiv frå 1840 til 1844 ein privat skule for ”betrestilte” jenter i prestegarden i Leikanger. Skulen dreiv han saman med ektemaken Marie Matrine f. Aastrup, og dei gav undervisning i matstell, husstell og musikk. Under tenestetida som sokneprest i Davik 1844-1846, dreiv dei tilsvarande skule der.
"Klokkargarden" flytta frå Fresvik
I 1872 kjøpte kommunen det store herskapshuset som "godseigar" Hille hadde bygt på
Fresvik-godset. Dette vart sett opp som skulehus og klokkar/lærarbustad på Systrond. Huset står framleis, og er den velkjende "Klokkargarden".
Eitorn krins
i den vestlege luten høyrde fram til 1964 under Balestrand kommune. Krinsen fekk skulehus i 1880. Dette var i bruk til 1956, då vegen Leikanger-Hella vart opna, og borna kunne skyssast til skulen på Systrond.
Nynorsk som undervisningsmål
Alt på 1890-talet hadde m.a. lærar
Olav Sande teke til å undervise i nynorsk. Nynorsk vart innført i Holum skulekrins i 1900, medan nynorsk vart avvist som undervisningsmål i Nybø krins ved krinsrøystingar både i 1900 og 1901. Men nynorsk var innført her når ein kjem fram til 1911.
Eigen skule på Sogns Barneheim
Indremisjonen starta
Sogn Barneheim på Leikanger i 1891 for foreldrelause born frå Sogn. Den var i drift til 1974, og hadde 10-20 born i alderen 2 til ca. 15 år i pensjon. I åra 1891 til 1920 hadde barneheimen eigen skule. Frå 1921 gjekk barneheimsborna på dei vanlege barneskulane på Holum og Nybø.
Privat folkeskule for kondisjonerte
Embetsmennene som budde på Systrond dreiv sin eigen private folkeskule for ungane sine frå 1897 til 1924. Det var sokneprest Fredrik Wilhelm Bull-Hansen som gjorde opptaket til skulen. Her gjekk borna til amtmann, sorenskrivar, sokneprest og elles andre som hadde råd til å betale. Skulen løna eiga guvernante. Den heldt først til i Fylkesmannsgarden, seinare i eit rom på Nybø skule. Ungane som gjekk der, blanda seg lite med ungane elles, og hadde m.a. friminutt på andre tider enn dei andre ungane på Nybø skule slik at kontakta vart minst mogleg.
Leikanger kommunale realskule
vart starta under 2. verdskrig, og var i drift til ungdomsskulen vart innført i 1967. Skulen hadde ikkje eigen eksamensrett, og låg i eksamensavviklinga difor under statsrealskulen i Balestrand (sjå:
Balestrand to-årige framhalds- og millomskule). Den kommunale realskulen tok opp ein klasse kvart år. Den heldt først til på Nybø, men flytta seinare til den gamle skulebygningen på Holum.
Ved Nybø skule var det også framhaldsskuleklasse.
I åra mellom 1965 og ca. 1970 vart det drive ein bilmekanikarskule på Hermansverk.
Leikanger innførte 9-årig barne- og ungdomsskule i 1967, då kommunen bygde eigen skulebygning like ved kyrkja.
Leikanger kommunale musikk- og kunstskule
vart skipa i 1985.
Dagens skular (2002):
Leikanger barneskule 1.-7. klasse - 230 elevar
Leikanger ungdomsskule 7.-10. klasse - 110 elevar
Leikanger musikk- og kunstskule