SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kyrkjer i Luster:

Dale kyrkje i Luster

Kyrkja og prestegarden. (Foto: Asle Veien, NRK)
Kyrkja og prestegarden. (Foto: Asle Veien, NRK)
Dale kyrkje er bygt i 1240 og har eitt av dei best bevarte kyrkjeinteriøra i heile landet frå mellomalder og barokk.

Publisert 18.12.2002 11:12. Oppdatert 05.11.2003 15:36.
Den massive inngangsportalen er av kleberstein. (Foto: Asle Veien, NRK)
Klebersteinsarbeidet i den gamle inngangsportalen, i vindauge og i portalen på vestsida er noko av det ypparste i norsk steinkunst frå mellomalderen. Ein reknar difor som sannsynleg at det kan ha vore utanlandske handverkarar som har bygt kyrkja.

Fleire detaljar i steinkunsten har slektskap med det ein finn på Magnus-katedralen på Orknøyane. Klebersteinen er truleg henta frå eit steinbrot ved Hafslo. Fleire stader i kyrkja er det rissa inn runer.

Kyrkja er vigsla til St. Nikolaus, helgenen som gav opphavet til den moderne St. Nikolas - julenissen.

Dale-kyrkja fekk tilbygt våpenhus i tre med dekorert takhimling på 1600-talet, og hadde då eit tårn plassert midt på mønet.

Tre lag veggmåleri

I 1898 oppdaga ein gamle kalkmåleri under nyare kalk i kyrkja, og ved ei restaurering kring 1950 avdekka ein i alt tre ulike lag med veggmåleri frå golv til tak i heile koret; eitt lag frå 1300-talet, eitt frå 1500-talet og eitt frå 1600-talet.

Etter nøye registering av ein dekor frå 1600-talet, avdekte myrkjemålaren Ola Sæter eit biletlag frå 1500-talet. Her er m.a. bilete av David og Goliat, St. Georgs kamp mot dragen, heilage menn og djevlar i rikt monn, og andre meir verdslege motiv.

Eit av motiva kan minne om eit lystig fylgje på veg heim frå ein rangel!

Brurebenk med drakehovud

Altartavla i kyrkja er frå 1708, er fem meter høg og truleg laga av Jørgen Christopher Schauer (d. 1752). Antependium (altarklede) med brodert monogram frå 1675. To altarlysestakar frå 1633. Preikestol frå 1633. Døypefont i kleberstein frå mellomalderen
er flytta frå gamle Nes kyrkje. Krusifiks frå 1200-1250, brurebenk med drakehovud frå ca. 1650 og andre stolar frå 1600-talet står i koret. Nattverdsutstyr frå 1802 og seinare.

I kyrkjeskipet heng fleire epitafier - dvs. minnetavler - over prestefamiliane til Andreas Lauritzøn frå 1630, Søffren Lauritzøn frå 1654 og Stevelin Reutz frå 1682.

To epitafium ved preikestolen. (Foto: Asle Veien, NRK)

Votivskip - dvs. modell av eit krigsskip hengt opp under kyrkjetaket - er frå 1600-talet.

Trefigur i kyrkja. (Foto: A. Veien, NRK)

"Fuglabur" for stasfruer

Eit pulpitur - dvs. eit privat galleri eller "kyrkjestol" med gitter føre - er frå 1699 og vart bygt for den fornemme familien til oberstløytnant von Krogh - sjå: Embetsgarden Flahamar. På folkemunne vart dette pulpituret kalla "Fuglaburet" fordi ålmugen nede i kyrkja berre såg hattefjøra til statsfruene som sat i "buret" oppe på veggen.

Gravkammer og løynd gang

I ein krypt under kyrkja ligg kring 60 store og små kister frå 1700-talet. Her vart folk frå presteskap og overklasse i Luster balsamerte og gravlagde.

(Foto: Arild Nybø © 2003)
Etter segna skal det gå ein løynd gang mellom kyrkjekoret og den gamle prestebustaden like ved kyrkja.

Historiske skattar på museum

I tillegg dei kunstskattane som Dale kyrkje rommar der ho står, finst det på Bergen Museum to altarfrontalar (altarmåleri) - det eine frå kring 1300, og det andre frå kring 1350, treskulptur av St. Olav frå 1275, kapitélfigur i tre (kapitél er topp på ei søyle) frå 1200-talet og lysestake frå mellomalderen.

Ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum finst kyrkjedør, dørlås med nøkkel frå mellomalderen og ein del kyrkjebenkdører og korskiljedørar frå kring 1700.

Ved Dale-kyrkja hadde folket frå Jostedalen frå gamalt av rett til eit hestebeite, og det vart hevda av almenningen ved kyrkja høyrde til Jostedalen. Dette har det sidan vore mykje strid om.

Epitafium og krusifiks. (Foto: Asle Veien, NRK)


MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no